BMI-spretten: Løpet for de STORE heltene

Nyheter - skrevet av Jan Kocbach, 27 Sep 2009@21:43

Tirsdag 29. september er det klart for årets høydepunkt for de STORE heltene. Da arrangerer BSI et av høydepunktene på høstens terminliste: BMI-spretten. Her er det ikke bare farten som avgjør – men også din BMI, ditt kjønn og ditt potensiale via en komplisert formel.

Her er BSI sin innledning om løpet:

Er du ein av dei som kosar seg når du gong etter gong kjem samtidig inn i posten som han unge jyplingen som spring alt beina kan bere? Har du god o-teknikk og kartkontakt, samstundes som du trivst godt i sofan med øl og pottis? Då blir dette din dag!

BSI inviterer store og små studentar, studerande, tidlegare studentar, dei som aldri var studentar og dei som ynskjer å bli studentar, og alle andre, til å for ein gongs skuld konkurrere på like premissar. Denne dagen opphøyrer den vanlege klasseinndelinga. I staden korrigerer vi tida for BMI (body mass index = kroppsmasseindeks), kjønn og potensiale.

Start

Start når du vil mellom 17:00 og 18:00. Det tek omlag eit kvarter å rusle opp til start.

Kart

Isdalen, utgitt 2002 av IL Gular. Målestokk: 1:7500. Ekvidistanse: 5 m.

Startkontingent

Startkontingent: Kr. 60,- pr. løpar. Utleigebrikker til 25 kr. Du kan betale kontant på samlingsplass, eller vi kan sende rekning til klubben din etterpå. No show – no pay.

Påmelding

Online førehandspåmelding via innbydelsen t.o.m. måndag 28. september klokka 20.00 for BMI-løparar og for nybegynnarar. Vi skal gjere vårt beste for å halde dei personlege opplysningane hemmeleg. Vi vil sjølvsagt gjere kontrollmålingar hehe..

Du finner hele innbydelsen her:

3 Comments

Comment by Arve Solli

28. September 2009 @ 12:07

Noen som vet hvordan formelen ser ut? Hadde likt å sett den.

Comment by Gunhild Forland

1. October 2009 @ 13:08

No har eg lagt den ut på BSI sine sider.

Comment by Lett tungvekt

7. October 2009 @ 12:39

Formelen finnes her: http://www.bsi.no/index.php?sideID=636&modulID=15

Sorry, the comment form is closed at this time.