Fleirklubblag i ungdomsklassane i DM stafett
Etter at ein av klubbane i Hordaland kom med forslag om å tillate lag samansett av løparar frå fleire klubbar i ungdomsklassane D/H 13-16, har det dei siste dagane vore hektisk korreppondanse mellom leiarane og styremedlemmer for dei tre krinsane. Resultatet av desse diskusjonane er at:
Lag samansett av løparar frå fleire klubbar kan konkurrere i ungdomsklassane D13-16 og H13-16 på lik linje med reine klubblag i DM stafetten.
Dette er ei prøveordning for i år, og erfaringane frå i år vil telja med når dette skal vurderast for framtida, evtentuelt også for andre klassar. Formålet med å tillate fleir-klubblag er å auka deltakinga, og det er forventa at sjølvjustisen i o-miljøet gjer at det ikkje dukkar opp reine ”elitelag” på tvers av klubbane.
Sidan dette ikkje vart bestemt før onsdag 19/8, har Samananger IL opna for ordinær påmelding fram til og med laurdag kl. 18 for klassane D/H 13.16.
Evt. spørsmål kan rettast direkte til arrangøren eller til leiarane i dei ulkie krinsane.
Samnanger IL
Per Arne Aadland