Vellukka fellesstart-sprint på Nordnes!

Nyheter - skrevet av Jan Kocbach, 30 Sep 2008@23:37

DSCF5439_s.jpg
Magne Knudsen og Heidi Bjørndal vann A-klassene då Gular avslutta sprintsesongen med fellesstart på Nordnes siste dagen i september.

Av Bård Hekland

God spreiing i feltet

Løypeleggjar Sverre Johan Nærheim hadde laga tre sløyfer med ulik lengde frå samlingsplassen på Nordnes skole. Alle skulle gjennom alt, men i ulik rekkjefølgje. Denne enkle gaflinga var nok til å skape god spreiing i feltet. Her måtte ein verkeleg følgje med på kartet, og det var vegval på mange strekk.

Kraftig regn under løpet var nok medverkande til at vinnartida kom opp mot 20 minutt i herreklassa, med beste dameløpar tre og eit halvt minutt etter.

Utan postskjermar

Haustferien må ta skulda for at deltakinga var noko lågare enn på dei siste sprintløpa. Gledeleg var det med såpass mykje som 17 deltakarar i nybyrjarklassa.

Løpet blei avvikla utan postskjermar, berre bukkane viste kor posten låg. Tanken var å unngå at postane skulle trekkje til seg merksemd og bli stolne. Stort sett verka det som løparane syntest dette var ei grei løysing.

Resultat

00spf.jpg

1 Comment

Comment by Bård Hekland

9. October 2008 @ 14:31

Etter løpet låg det att eit fleirfarga halstørkle (type “buff” e.l.). Ta kontakt på mobil 48150802 om det er du som har gløymd det.

Bård

Sorry, the comment form is closed at this time.