Fjellterreng, langstrekk, fellesstart og fint haustvèr

Nyheter - skrevet av Jan Kocbach, 22 Sep 2010@0:26

kartsamn
Søndag kan Samnanger IL garantere at du får det meste av dette om du melder deg på 2-mila som i år er KM ultralang.

Samlingsplassen er lagt ved Fitjavatnet 350 moh, og løypene går stort sett mellom 300-500moh. Her har hausten alt kome, graset har lagt seg og haustfargane er på sitt finaste. Vegvalg og langstrekk er det sentrale på ein ultralangdistanse, og det er viktig å porsjonere kreftene utover i løpet slik at dei held heilt til mål.

Løpet har tradisjonen tru fellesstart (kl. 12), og det er lagt inn ”Phi-sløyfe” i alle KM-løyper for å spreie løparane. Elles vil me også tru at vegvalg og løpsstyrke vil føre til strekk i feltet.

Dei siste to kilometrane fram til samlingsplass er det bomveg (kr 50), og med parkering langs etter vegen. Me oppfordrar til å fylle opp bilane då det er trangt om parkeringa.

Ordinær påmelding seinast torsdag 23. kl. 24:00. For innbyding og påmelding sjå www.SamnangerIL.no

Fint haustvèr kan ikkje arrangøren garantere, men me kan håpe…

Informasjon

Samlingsplass er i år lagt til sørenden av Fitjavatnet, og løypene går i noko av det finaste terrenget me har i Samnanger, 300-500 moh. Det er merka frå RV7 ved Gjerde ca 2 km aust for Bjørkheim, og derifrå er det ca. 20 minutt køyring. Dei siste 2 km er på grus-/ skogsveg med bomavgift kr. 50. Inntil 1 km å gå langs grusvegen til samlingsplass, dei siste 100 m på sti.

Samlingsplassen er ”i skogen” og me har dessverre ikkje tilgong på lokaler eller overbygg, salgsbod med god mettande mat kan me tilby!
Det er ikkje sett opp barneparkering, men er det behov, meld frå om dette ved påmelding.

Takk til Per Arne Aadland for informasjon om årets utgave av 2-mila.

1 Comment

Comment by Erlend

23. September 2010 @ 15:48

Noen som har plass i bilen til en H21-løper for søndagens 2-mila? Bor ved Stadion selv og kan komme meg fint til avtalested innenfor Bergens bygrenser. Ta kontakt på erlend.knudsen@broadpark.no eller 400 48 664

Sorry, the comment form is closed at this time.