HOK Rankingen fortsetter med Hamla Grand Prix

Ranking - skrevet av Jan Kocbach, 12 Aug 2008@15:36

Samnanger IL inviterer til HOK Rankingløp nummer 5 i Grønsdal førstkommende lørdag den 16. august. Søndag den 17. august blir det Kompisstafetten på samme sted. Samnanger byr som vanlig på noe av det fineste terrenget vi har i Bergensområdet – av arrangøren blir det beskrevet som grovkupert med mange myrar, få (ingen) stiar men ein del hjortetrakk. Det er for det meste glissen furuskog, og dei lengste løypene kan også koma over skoggrensa.

Hamla Grand Prix har navnet sitt etter Arild “Hamla” Røen som starta med dette løpet for over 30 år sidan. Så godt som kvart år sidan har o-gruppa i Samnanger arrangert Hamla Grand Prix, men forma har variert mellom to dagars løp med jaktstart, normaldistanse, ein dags løp med jaktstart og i fjor KM-mellomdistanse. I år er løpet igjen eit “vanleg” Ranking løp for Hordaland og løpet går i Grønsdalen med same samlingplass som vart brukt på Nordvestgaloppen i 1997.

Kompisstafetten såg dagens lys tidleg på 70-talet, og her var det den andre eldsjela i o-gruppa Bjarne Hauge som var arkitekten. I Kompisstafetten er det berre ein klasse med 5 etappar, men ingen kan stille med kun “racarar” på laget. Her må laget ha med unge og eldre, nybyrjarar og meir røynde for å passe inn under krava til dei ulike etappane. Dette gjer at også relativt små klubbar som Strandvik, Gneist og Samnanger har vunne, men flest sigrar har nok dei store klubbane Fana, Askøy, Stord og dei seinare åra Varegg.

Kompisstafetten er ein uformell stafett med fleire korte etappar så det idelle løpet om du skal debutere på o-stafett. Ta med deg resten av familien eller naboar og still lag!

I år går løpa i Grønsdalen ca. 200-500 moh, med ope og oversiktleg terreng. Samlingplass er lagt like ved eit vatn så her vert det bading om vèret er lagleg.

No Comments

No comments yet.

Sorry, the comment form is closed at this time.