Innbydelse Vossagampen
Velkomen til langdistanseorienteringa Vossagampen sundag 15. juni kl 12.00 på kartet Potten.
Samlingsplass: Fennastølane. Merkt frå Bjørgum, ca 9 km frå Voss sentrum, retning Granvin. Bompengar kr 20.-. Parkering nær samlingsplass.
NB! Avgrensa parkering; køyr fleire i same bil!
Frammøte: Seinast kl 12.00.
Fellesstart: Kl 13.00, 3-400 m å gå frå samlingsplass til start – bratt.
Kart: Potten, 1:10 000. Brukt på Veteranmeisterskapet i -97 og NVG i -99.
Terreng: Lettløpt med ein del høgdeskilnad. Furu- og bjørkeskog.
Store opne myrar. Skråli. Ope terreng i dei høgaste partia.
Løyper og klassar: Langgamp: 12,6 km; H19-
Kortgamp: 9,1 km; D16-, H16-18, H35-49, H50-, Open Kortgamp
Smågamp: 6,6 km; D50-, H60-, Open Smågamp
Trimgamp: 4.0 km; D12-, H12-
Premiering: Klassevinnarar i Lang-, Kort-, Små- og Trimgamp.
Startkontingentar: Lang-, Kort- og Smågamp kr 100.-. Etterpåmelding kr 130.-.
Trimgamp kr 80.-. Etterpåmelding kr 100.-.
Brikkeleige kr 30.-. Avgrensa tal på leigebrikker.
Garderobe/vask: Våtklut (bekk ved samlingsplass).
Løpsleiar og
løypeleggjar: Svein-Erik Heggenes.
Påmelding: Innan fredag 13. juni kl 22.00 til
Marianne Bakketun, Rykkesvegen 6, 5700 Voss
Tlf 56 51 77 48 eller E-post: marianne@bakketun.net
Hugs brikkenummer og klasse!
”Kafé”: Sal av kaffi og noko å bita i.
Arrangør: O-gruppa i Voss IL