O-løp i ”turre” myrar?

Nyheter - skrevet av Jan Kocbach, 05 Jun 2007@8:24

forde.jpg
Jeg har fått følgende e-post fra Helge Schei om Sunnfjordorientering og Førdebodstikka 9.-10. juni i Førde.

O-løp i ”turre” myrar? Ja, dette er mogleg til helga i Førde. Då arrangerer vi dei tradisjonsrike løpa Sunnfjordorienteringa (for 45 gong) og Førdebodstikka (for ca 40de gong).

Sunnfjordorienteringa vart skipa med dette namnet nettopp for å lokke bergensarar til ”silketerreng” i indre Sunnfjord. Myrane er turre på denne årstid (forutsett nokolunde moderat nedbør). I fjor brukte Hans Gunnar Omdal 6,30 pr km på NM ultralangdistanse. Det er ekstremt kjapt i Vestnorske skogar. …Og det var i 23,3 km, lengste løype denne gongen blir snaut 7 km, og då kan kanskje andre greie den km-tida også. Om nokon har sett kartet frå då så går årets løp i ”sommarfugl-området” for H21. Der er det nydeleg nå….

Førdebodstikka har modell etter BT-budstikken. Nokon som hugsar den? – med hemmeleg samlingsplass!!

Ikkje slik med Førdebodstikka i år. Samlingsplass og terreng er det same som dagen før.

Eg lovar spennande og varierte løyper……

Overnattingskapasiteten i Førde er veldig bra.

No Comments

No comments yet.

Sorry, the comment form is closed at this time.